Sjå opptaka her:
- Eg har litt vondt i magen, innrømmer Mathilde Vinje Øvrebust (12) frå Stordal.
Det er litt over ein time til ho skal stå på scena og syngje Halleluja, I love her so av Ray Charles.
- Høyr Mathilde Vinje Øvrebust sin opptreden lenger nede i saka!
- Eg har sunge i kor sidan eg var ca eit og eit halvt år, men eg har aldri synge med storband før.
Populært prosjekt
Det er første gang UNG TALENT vert arrangert i Ålesund, men for initativtaker Odd Fossum har dette vore noko han har tenkt på lenge.
- Det er vell over eit år sidan eg byrja å arbeide med dette prosjektet. Barn og jazz har alltid vore mi greie, fortel Fossum.
Han fekk med seg storbandet sitt Big Odd Band og forskjellige kulturskular. Det var ein suksess, mange unge meldte si interesse.
- Les meir om prosjektet her:
Audition
- Det er ikkje meininga at dette skal vere ein konkurranse, men vi måtte ha audition fordi det var så mange så meldte seg på, fortel Fossum.
Derfor måtte dei rundt 30 som hadde lyst til å vere med, bli til rundt 12. Og det var eit variert program dei leverte. Alt frå slagverk, blåsarar, solistar, pianistar og barnekor var å høyre på Parken Kulturhus søndag kveld.
- Eg veit det er så mange flinke, unge som bør få moglegheita til å vise seg fram. Og det føler eg vi har fått til i dag. Det var såpass mange interesserte at det er stor sjanse for at vi gjer dette neste år òg.
Vert evaluert
På scena er det Mathilde Vinje Øvrebust sin tur. Etter barnekoret er ho nummer to. Til tross for nervar vart det stor applaus frå publikum.
- Det er godt at det er ferdig, men eg kunne godt gjort det ein gong til. Det var veldig gøy! smilar Øvrebust.
Etter showet er ferdig får dei som har vore på scena ein konvolutt frå ein jury. Her står tilbakemelding på opptreden. Kva var bra og kva bør jobbast med.
- Det er jo litt skummelt, men det er jo godt å få kommentarar slik ein har noko å arbeide ut ifrå òg, seier Øvrebust.
Så du kjem til å tørre å opne konvolutten?
- Ja, eg trur det, småler ho.