Må ta lærdom
Han meiner likevel at både Statnett, beredskapsorganisasjonen og styresmaktene må ta lærdom av at det kan bli kraftmangel frå 2008.
I følge Rødal har industriutbygginga skjedd så fort, at
det var umogleg å gjere gode nok analysar på førehand.
- Vi har kanskje ikkje vore flinke nok til å henge med i svingane i forhold til den veksten som har vore, seier Rødal.
Krisa kjem i 2008
Store industriutbyggingar på Sunndalsøra og Aukra fører til at kraftforbruket her i fylket aukar voldsomt i åra som kjem. Så lenge ein ikkje får tilført ny kraft, blir underskotet svært stort frå 2008.
Rødal trur hovudfeilen er at Statnett og andre ikkje hra sett på Midt-Noreg som ein region - men berre sett på kraftproblema for Møre og Romsdal for seg.
- Innmatinga til Midt-Noreg er ein flaskehals og dette blei vi informert om av Statnett for eitt år sidan, seier Rødal.
Statnett tar ikkje sjølvkritikk
Tor Inge Akselsen i Statnett
Statnett på si side vil ikkje ta nokon sjølvkritikk på at dei ikkje forutsåg kraftkrisa tidlegare.
Kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen seier Statnett er meir opptatt av å bidra til å handtere situasjonen på ein god måte enn å leite etter syndebukkar.