Hopp til innhold

- Kommunen må ta asyl-ansvar

- Molde kommune må ta ansvar for å gje asylsøkarane ny stad å bu når UDI legg ned mottaka som «Kysthus» driv. Det meiner Venstre-politikar i Molde.

Frøydis Austigard (V) meiner Molde kommune må ta ansvar for asylsøkjarane, slik at dei ikkje blir spreidde rundt i landet medan dei ventar på svar på søknaden. UDI stengjer dei statlege asylmottaka til Kysthus i Molde og Sjøholt fordi driftsoperatøren ikkje har teke åtvaringane på alvor og oppfylt krava til drift.

- Må bli i Molde

Skite kjøkken på asylmottaket i Molde

Slik såg det ut på kjøkenet på asylmottaket i Molde

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Austigard meiner at det ikkje går an å flytte asylsøkjarane vilkårleg rundt i landet. Ho meiner Molde har eit ansvar.

- Vi kan ikkje la desse folka vere nøydde til å flytte igjen medan dei ventar på kva som skal bli skjebnen sin. Molde kommune må ta ansvar med å skaffe dei husrom medan dei ventar. Dei er allereie innafor det kommunale systemet med tenester. Det er berre hus og det daglege dei no treng, seier Austigard.

UDI stenger tre asylmottak

Omstridd selskap tilbyr 200 nye asylplasser

Krass kritikk av asylmottak

- UDI vil ha fakta på bordet

Har husvere

Frøydis Austigar meiner det skal vere mogleg å finne husrom til dei. Ho tenkjer i første rekkje på hus som kommunen har skaffa for å auke talet på asylsøkjarar i kommunen.

- Vi er i ferd med å finne fleire hus, fordi vi planlegg å ta imot fleire asylsøkjarar. Vi har eit kjempegodt asylmottak i Molde som skal kunne klare å drifte dette også, seier Austigard.