Hopp til innhold

- Katastrofalt dårleg talentarbeid

AaFK-trenar Kjetil Rekdal meiner det er ein katastrofe for norsk fotball at talentarbeidet med unge fotballspelarar ligg så langt bak det mange andre land i Europa får til.

Kjetil Rekdal
Foto: Arne Flatin / NRK

Rekdal seier forskjellen på norske 10-11- åringar og tilsvarande i til dømes Nederland og Belgia er enorm. Han meiner norsk 10-åringar trenar berre 25 prosent av det dei gjer i til dømes Belgia der Rekdal sjøl har vore proff i mange år.

Hente inn 10-åringar

Kjetil Rekdal meiner ÅFK som den største klubben på Sunnmøre må inn i langt sterkare grad enn no å påverke utviklinga til fotballspelarar i 10-11 -årsalderen. Han seier det mellom anna kan vere aktuelt å hente inn dei beste spelarane i denne aldersgruppa til å trene i Sunnmørshallen ein til to gonger i veka. I tillegg vil ÅFK bidra til å auke kompetansen i mange av dei andre klubben på Sunnmøre gjennom å kurse trenarar for aldersbestemte lag.

Ikkje lurt

Jan Roar Saltvik er fagansvarleg for talentutviklinga i fotballforbundet til dei som er mellom 13 og 16 år gamle. Han seier at det ikkje skal satsast på spelarar som er 12 år eller yngre, og meiner det finst gode grunnar for dette. Han seier mellom anna at unge spelarar har best av å utvikle seg i eigne miljø. Han seier det også er uråd å seie noko om kven av spelarane i alderen 9-12 år som ein gong i framtida kan verte gode eliteseriespelarar.

Barnebarnet til Reidar Vågnes i aksjon på CLS
Foto: Arne Flatin / NRK

Dersom ÅFK vil hente inn spelarar på 10 år ein til to gonger i veka så kan ikkje Fotballforbundet gjere noko med det. Det finst ikkje noko regelverk som vil hindre toppklubbane i å gjere dette, men Saltvik synest ikkje det er ein god ide.