Hopp til innhold

- Kan verte ein av dei beste

Den tidlegare AaFK-keeperen Anders Lindegaard kan verte ein av verdas beste keeperar, meiner Sir Alex Ferguson.

Anders Lindegaard

Manchester United-manager Sir Alex Ferguson har stor tru på sin nyinnkjøpte keeper.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Manchester United-manageren meiner det ikkje er mange unge keeperar i verda som held høgre nivå enn Anders Lindegaard, og det gir han klart uttrykk for i eit intervju med sporten.dk .

Sir Alex Ferguson

Sir Alex Ferguson

Foto: PAUL ELLIS / AFP

Snart speleklar

Den tidlegare AaFK-keeperen er tidlegast speleklar 4. januar. Mange hadde håpa på at talentet skulle få spele i kampen mot Stoke 1. nyttårsdag, men då papirarbeidet ikkje er ferdig må ein vente enda litt lenger før ein får sjå Lindegaard i ny drakt.

Les også:

Stor tiltru til Lindegaard

Ferguson går langt i å seie at Lindegaard kan nå like langt som den danske Manchester United-legenda Peter Schmeichel.

– I Anders har vi kjøpt ein keeper som allereie no er dyktig og viser potensiale til å verte ein av dei aller beste, seier Ferguson.

Ferguson uttalte til den danske nettavisa at Manchester United vil få god bruk for Anders Lindegaard i tida framover.

Har han endeleg lukkast?

Etter Schmeichel prøvde Ferguson fleire keeperar utan å vere hundre prosent nøgd. Så henta han inn nederlendaren Edwin van der Sar som er venta å gi seg etter årets sesong.

Etter signeringa med Lindegaard ba Uniteds polske reservekeeper, Tomasz Kuszczak, om lov til å forlate klubben. Han hadde ikkje lenger trua på at han ville greie å hevde seg i kampen med Lindegaard om plassen som førstekeeper på Manchester United.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL