Hopp til innhold

-Kan ta RBK

MFK er tilbake på sølvplassen, og tar opp jakta på Rosenborg.

Molde-jubel
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Rosenborg har fått ei luke på fem poeng på toppen av tabellen. I sjiktet bak trønderane kjem Molde først i køen med sine 21 poeng. Bak der følgjer Start, Vålerenga, Odd Grenland og Aalesunds FK.

Molde-veteran Magne Hoseth er trygg på at RBK kan hentast inn.

- RBK har vore griseheldige i 3-4 kampar noko vi ikkje har vore, seier Hoseth til NRK.

MFK må utnytte det sjansemessige overtaket laget har hatt i mange kampar. Dersom dei blåkvite greier det skal det vere muleg å nærme seg og hente inn Rosenborg.

Gitt bort poeng

MFK var uheldige og udyktige då dei gav bort to poeng både borte mot Rosenborg og heime mot Tromsø då sigeren glapp på overtid. Dermed er fire poeng rota bort. I tillegg har laget hatt ei enorm sjansesløsing på heimebane i kampar mot Sandefjord, Viking og Vålerenga.

Lang sesong

Sesongen er lang, men no vert det ein pause på 14 dagar på grunn av landskampane. Molde skal neste gong ut i ein spennande og vanskeleg bortekamp mot tabellnabo Start. Då vert det eit møte med ein gammal MFK-helt, nemleg Bernt Hulsker.

Mot Odd Grenland var Daniel Berg Hestad ute med skade i andre kamp på rad, men den skaden er han kvitt til kampen 15.juni i Kristiansand. Knut Dørum Lillebakk har spelt dei tre siste kampane, og har inntil vidare tatt hand om keeperplassen på MFK.

Jan Kjell Larsen vil sjølsagt kjempe hardt for å ta tilbake plassen mellom stengene. Og Thomas Holm: Han er tilbake på ein utruleg måte etter at dei aller fleste sist veke rekna med at han var ute av spel i eit par månader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no