Hopp til innhold

- Kan bli for mange

Ordførar Bjørn Sandnes i Haram meiner det vil bli ei utfordring for kommunen å ta imot 150 asylsøkjarar.

Bjørn Sandnes (H)
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ordføraren seier at han ikkje er avvisande til å få eit mottak til kommunen. Han vil ha meir informasjon først.

- Vårt utgangspunkt må vere at dei som kjem hit får eit godt tilbod.

Les også: Omstridd selskap tilbyr 200 nye asylplasser

Eit nytt selskap som Kysthus står bak ynskjer å starte asylmottak i Haram med 150 plassar. Dette er tredje gong Kysthus søkjer om å opprette asylmottak i Haram kommune.

Usikker på om Haram er rette plassen

Ordførar Bjørn Sandnes har forståing for at det er eit skrikande behov for asylplassar, men om Haram er rette plassen, veit han ikkje.

- Det er snakk om å plassere dette i Brattvåg, ei bygd på vel 2000 innbyggjarar. Vi har ein del utanlandske arbeidarar på verfta våre, så det er eit spørsmål kor mykje ei bygd skal absorbere. Dette er ting vi må vere open for å diskutere, seier Sandnes.

Får kome med innspel

Sandnes seier at kommunen skal få kome med innspel før det eventuelt blir vedteke å opprette asylmottak i kommunen.

- Det er utfordringar knytt til dette, og desse vil vi som kommune kome med då, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL