Hopp til innhold

- Kampanjar er viktige

- Haldningskampanjar i trafikken er viktige, men vil ikkje fjerne alle ulukker, seier trafikkforskar Dagfinn Moe ved Sintef.

Dagfinn Moe
Foto: Privat

Men Moe seer kampanjane ikkje kan fjerne alle ulykker, for ungdom med lyst til å køyre fort er ikkje noko nytt fenomen.

- Det er ikkje eit nytt fenomen. Dette er eigentleg naturen sjølv, seier Moe.

- Spenning er heilt naturleg

Minnemarkering etter ulykka i Eiksundtunnelen

MANGE PREGA: Ulukka i Eiksundtunnelen søndag kveld prega mange i lokalmiljøet. Her er ungdomar samla for å heidre dei fem omkomne ved inngangen til Eiksundtunnelen.

Foto: Gunnar Wiik

- Viss det hadde vore slik at ein ved hjelp av ein kampanje, eller ei dramatisk ulukke, kunne få vekka folket slik at ein slutta å køyre fort og farleg, så hadde me ikkje hatt noko problem med trafikktryggleik.

Tenåra er ein periode der ein gjerne tek ekstra risiko, og tenkjer mindre på konsekvensar, trur Moe.

- Det gjer at bil, trafikk, fart og spenning er heilt naturleg, fortel han.

Statistikk viser at unge sjåførar oftare er involverte i alvorlege ulukker. Difor er mange kampanjar retta inn mot dei unge, gjerne gjennom skulen. Men Moe trur ikkje ein vil greie å fjerne denne skilnaden på aldersgruppene berre ved hjelp av kampanjar.

Suksessen "Sei i frå"

- Ikkje medan ein har den fridomen som systemet gir moglegheit til. Det at du kan velje fart, tidspunkt og kvar du skal sjølv gjer det umogleg å hindre dette. Då må ein starte med å nekte folk å køyre bil, og eventuelt ha eit reglement rundt kor stor fridom ein skal ha, seier seniorforskaren.

Ein av kampanjane som har fungert, er ”Sei i frå”, som starta i Sogn og Fjordane, og har gått gjennom fleire fylke. Suksessen til kampanjen skriv seg frå at den går rett inn i samspelet mellom ungdom, seier han.

-Kampanjen går inn i det, ved å la den enkelte ta eit ansvar for at til dømes vennegruppa ikkje er med i bilar som køyrer så fort at det kan gå gale. Då gir ein klar beskjed til føraren om at slik vil ein ikkje ha det, seier Moe.

- Må halde hovudet kaldt

Og der må kampanjen slå inn. For sjølv om ein ser at ungdom følgjer undervisninga i klaseromet, er det ikkje sikkert at det fungerer når ein kjem ut i det verkelege livet, trur Moe.

- Ein har skulemøter og rollespel, og prøver å få fram denne verdisetjinga som er så viktig. Men det som er den store utfordringa er at ein gjerne kan site i eit klasserom og vere heilt samd, men så kjem ein i denne konteksten i ein bil som køyrer i 100-110-120 kilometer i timen når ein skal til fest eller andre ting. Då gjeld det å halde hovudet kaldt, seier Moe.

Etter ulukka i Eiksundtunnelen søndag kveld har både Trygg Trafikk og politiet gått ut og sagt at ein må fokusere på haldningsskapande arbeid for å unngå slike ulukker. Men trafikkforskaren trur ikkje at kampanjar åleine kan hindre liknande ulukker.

- Viktig å setje ein standard for borna

- Ein ting er dei formelle tiltaka som ein har, med opplæring og kampanjar og kontroller. Men den sosiale normen, med korleis dei rundt deg oppfører seg, og då særleg dei som er i ein oppdragarrolle, dei må vere med på innarbeide gode vanar frå starten, seier han.

Som eit døme nemner han bilbeltebruk. Det at mor og far tidleg lagar gode prosedyrar, og er gode forbilde for ungane, er viktig for at ungane skal velje å bruke det når dei er eldre.

Dermed meiner han også at det er viktig at foreldre gjer det same når det kjem til fartsgrenser.

- Det er ingen garanti, men då har du i alle fall sett ein standard, og gitt uttrykk for ei verdisetjing som du tydeleg har oppdratt dei etter. Dei vil nok opponere litt mot det, men du har sett ein standard, og det er viktig.