NRK Meny
Normal

- Julebodskapen med enkle ord

- Den er nok ein favoritt for veldig mange, seier Oddgeir Bruaset om ”Det lyser i stille grender”.

Oddgeir Bruaset

- EIN AV MINE FAVORITTAR: Mellom fleire, seier Oddgeir Bruaset om 'Det lyser i stille grender'.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Teksten til den folkekjære julesongen er det Jakob Sande som står bak, medan melodien var laga av Lars Søraas d.y.

- Me må tilbake til 1931. Då var det ein redaktør av juleheftet "Jul i Sunnfjord" som tok kontakt med ein ung Jakob Sande, seier Bruaset.

Skreiv julesong i sommarvarmen

Sande var 25 år på det tidspunktet, men var allereie ein omstridd diktar på grunn av ei samling han hadde gitt ut.

- Redaktøren spurde Sande om han kunne tenke seg å skriv eit juledikt til heftet, fortel Bruaset.

Det kunne sunnfjordingen, som starta på det då han var heime på sommarferie.

- Han sette seg i skuggen ei varm sommardag, og skreiv dette julediktet, seier Bruaset.

- Framført fyrst med familien

Det tok likevel fleire år før melodien til songen kom til. Bak stod musikkpersonen Lars Søraas den yngre frå Bergen. Han hadde gitt ut sangbøker og var oppteken av musikk, men komponist var han ikkje.

- Han vart så gripen av desse enkle orda som han plutseleg fann i eit julehefte for born, at han straks sette seg ned og laga melodien.

- Han vart så gripen av desse enkle orda som han plutseleg fann i eit julehefte for born, at han straks sette seg ned og laga melodien.

Oddgeir Bruaset om Lars Søraas den yngre

Same året fekk han med seg familien og song den då dei gjekk rundt juletreet julekvelden.

- Der og då, i Brattlien i Fløyfjellet, lydde songen for fyrste gong.

Enkel og melodiøs

”Det lyser i stille grender” har blitt ein av dei mest kjære julesongane for mange i Noreg, og vart i tillegg namnet til boka Oddgeir Bruaset skreiv om dei norske julesongane.

Bruaset trur det enkle og det melodiøse i den kan ha vore med på å auke populariteten.

- Den får fram julebodskapen med veldig enkle ord, trass i at Sande sjølv ikkje var så veldig glad i teksten, seier han.

Kjær song, fleire melodiar

For Sande var nemleg meir fornøgd med påskesalmen som startar med strofa "Du som låg i natti seine", og heldt den for å vere betre. Men komponistane greip julediktet til Sande.

- Det er nesten ingen julesong som har fått så mange melodiar knytt til seg som nettopp "Det lyser i stille grender".

Som norsk julesong tok den ikkje verkeleg av før Sissel Kyrkjebø hadde den med på si fyrste juleplate. Etter den tid har populariteten berre auka, og fleire har fått den som ein av sine favorittar.

- Eg har så mange, men den er ein av dei, innrømmer Bruaset.