NRK Meny
Normal

- Ingen tente med dette

Måndag kom beskjeden om at Glenn Roberts er uønska i AaFK etter bytur. Tysdag vart dagen derpå.

Video nsps_upload_2009_5_5_19_58_1_16.jpg

Kjetil Rekdal

FOR MYKJE NEGATIVT: AaFK-trenar Kjetil Rekdal seier bytur-saka har skapt meir negativ merksemd enn naudsynt.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det vert ein støy og ei merksemd som er negativ, og me er ikkje tente med å verte framstilte som useriøse, seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal.

Sju-åtte spelarar fekk åtvaringar etter ein fest laurdag kveld, og ifølgje Sunnmørsposten var det Glenn Roberts som fekk beskjed om at han er uønska i klubben frå hausten.

LES MEIR: Ingen ny kontrakt etter bytur

Påverkar ikkje neste kamp

Men onsdagens kamp mot Strømsgodset skal ikkje verte påverke av denne saka.

- Dei som skal spele i morgon er klare til kamp, så me har inga unnskulding om me går på ræv, seier Rekdal.

- Men dei sju - åtte som var på bytur, dei er ikkje med i troppen mot Strømsgodset?

- Det kan eg ikkje svare på, det er ei personalsak. Me tar ut ein tropp som me meiner er førebudde til å spele kamp.

- Må berre akseptere

Johan Arneng

TRIST: Kaptein Johan Arneng seier det er ei trasig sak.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

På treninga i dag fekk saka stor merksemd fra journalistane. Klubbdirektør Henrik Hoff er overraska over kor fort media fekk nyss i saka.

- Eg er litt sjokkert over at det tok så få minutt i går før det var journalistar her og spurde oss om saka. Det syns me ikkje noko om, seier Hoff.

Kaptein Johan Arneng seier det er ei lei sak.

- Det som har skjedd er trasig. Me skal vere profesjonelle fotballspelarar, og når slike saker som dette kjem opp må ein berre akseptere det klubben kjem fram til, meiner Arneng.