Hopp til innhold

- Inga krise i selskapet

- Dette er inga krise i selskapet, men vi er nøydde til å tilpasse kostnadene og kapasiteten til ordreinngangen viss vi skal unngå krise i framtida, seier Nils Fredrik Drabløs.

Nils-Fredrik Drabløs
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Dette er ein totalpakke som er knytt til at vi har behov for å senke kapasiteten på sofasida med om lag 25 prosent, og om lag 20 prosent på stolsida, seier Drabløs.

Tiltaket kjem no for å tilpasse kapasiteten etter kvart til den ordreinngangen konsernet har.

Uklart kven som må gå

- Kort sagt legg vi ned produksjonen av fastryggsofa på Stranda, og overfører den til fabrikkanlegget på Hareid. Så seier vi opp folk, og permitterer personar knytt til stolproduksjon i Sykkylven, seier Drabløs om tiltaka.

- Kven som skal gå, og korleis det skal gjerast , er ein prosess vi no set i gang saman med dei tilsette for å finne ut kva for prinsipp vi skal følgje, og korleis dette skal gjennomførast, og det kan nok ta litt tid.

Såg kutta i desember

Tillitsvald Asbjørn Sjåstad ved Ekornes i Sykkylven seier det var uventa at kuttet blir så drastisk, og i følge hovudtillitsvald Kåre Fjørstad ved Ekornes i Stranda fortel at fleire felte tårer då planen vart kjent .

At kutta måtte kome forstod selskapet allereie tidleg i desember i fjor, seier Drabløs. Dette er ei tilpassing som tilsvarer dei tilpassingane konsernet gjorde med firedagsveke i desember seier han.

- Sorgens dag , seier Stranda-ordførar Frank Sve etter at Ekornes-leiinga la fram si skisse til kutt.

- Kan bli like sterke

- Bakgrunnen for at dette har oppstått er marknadssituasjonen i eksportmarknaden fyrst og fremst, seier han om saka.

- Det er veldig vanskeleg å seie at ein kan gjere meir i den amerikanske marknaden, fordi amerikanske forbrukarar kjøper færre Stressless-stolar. Vi gjer alt vi kan for å skaffe oss dei ordrane vi treng, og vi har ein kraftig oppfatning av at vi neppe kan gjere meir.

- Dei som står for salet ute i Skandinavia, Europa, USA og Asia, arbeider heile døgnet for å skaffe dei ordrane som trengs. Det er utelukkande ordresituasjonen som er bakgrunnen for dette her.

- Vi skal nok kunne bli like sterke som vi har vore, seier direktøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL