Hopp til innhold

- Ikkje vinnarar og taparar

Klinikksjef Guttorm Eldøen åtvarar partane mot å berre fokusere på vinnarar og taparar i sjukehuskrigen.

Klinikksjef Guttorm Eldøen

- Dette handlar ikkje berre om vinnarar og taparar, seier klinikksjef Guttorm Eldøen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Sjukehuskrigen mellom Molde og Kristiansund handlar ikkje berre om vinnarar og taparar, seier klinikksjef ved medisinsk avdeling i Helse Nordmøre og Romsdal, Guttorm Eldøen.

Han åtvarar partane i striden mot frykten for å verte audmjuka.

- Det finnast fleire håp

Eldøen er med i prosjektgruppa som no utgreier kva sjukehus som skal få akuttilboda.

- Vi kan lett verte prega av frykt for å tape og at vi opplever å verte audmjuka. Eg tykkjer ein må sjå at her finnast det fleire håp.

Legane ved sjukehuset i Kristiansund trur sjukehuset misser akuttfunksjonane og at sjukehuset i Molde vert akuttsjukehuset i Helse Nordmøre og Romsdal.

Les: Full krig om sykehuset

- Mange tykkjer det er viktig at deira sjukehus vert akuttsjukehus, men ein kan utvikle nye gode tilbod og vere gode fagfolk og helsearbeidarar både i det sjukehuset som får mest akuttfunksjon og i det sjukehuset som får mindre akuttfunksjon, seier Eldøen.

- Ligg det ikkje då i føresetnadane at her skal det berre vere eitt sjukehus med akuttfunksjon?

- Vi skal få ei samling av akuttfinksjonar i føretaket, men i det ligg det at vi også skal ha indremedisinsk akuttfunksjon ved begge sjukehusa.

Eldøen meiner det er viktig at ein ikkje har berre eitt håp, men at ein faktisk har fleire tilbod å gje til pasientane ved begge sjukehus.

- Poenget mitt er at vi må utvikle håpet om at ein kan gi eit godt helsetilbod også om ein ikkje har det meste av akuttfunksjonane.

Administrerande direktør Gunnar Bowim i Helse Midt-norge manar til ro i sjukehusstriden (sjå video under)

Video nsps_upload_2010_1_13_10_15_10_628.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL