Hopp til innhold

- Ikkje skyld på finanskrisa

Bedriftseigar meiner dei fleste som går konkurs no har seg sjølv å takke.

Gjeld

Illustrasjonsfoto.

Foto: Colourbox

- Det er for kort tid sidan finanskrisa starta så eg vil påstå at dei går konkurs for heilt andre grunnar, seier bedriftseigar Magnar Flaathe.

Han har dreve innan trevareindustrien i 40 år og meiner at bedriftene som no må legge ned har hatt for dårlig økonomisk styring og dårleg resultat.

Auke i konkursar

Første veka i februar var det 16 verksemder som gjekk konkurs i Møre og Romsdal. Talet for januar var 34 konkursar, 10 meir enn same månad i fjor.

Les også: Fleire konkursar

NHO meiner dette viser at tiltaka som regeringa iverksette ikkje har hjulpe bedriftene som slit mest. Men Flaathe som har drive bedrift i 40 år, meiner det er feil å skulde på finanskrise og dårlege tiltakspakkar.

- Det blir feil å skylde på finanskrisa. Dei kan i dei fleste tilfella takke seg sjølv for at det går gale, seier han.

Flaathe meiner at utslaget frå finansuroa vil komme i tida framover og seier at då er det ikkje anna å gjere enn å nedbemanne og tilpasse seg marknaden.

- Oppturen kjem, men kor lang tid det vil ta veit vi ikkje. Men ein kan ikkje køyre i høggir over ei lang periode, det veit vi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL