Hopp til innhold

- Ikkje redd for å bli smitta

Svineinfluensa er påvist på Gothia Cup, der Blindheim IL deltek med tre lag.

Talentutvikling

Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

- Utbrotet har ikkje påvirka troppen, seier lagleiar Odd Erik Lund.

I går fekk ein av deltakarane på den svenske fotballturneringa påvist svineinfluensa.

Tek det med ro

Blindheim IL meiner det ikkje er grunn til å frykte at spelarane frå Ålesund skal bli sjuke.

- Dette tilfellet var på ein annan skule enn den vi bur på og vi har ikkje høyrt noko om at det skal vere fare for smitte der vi er, seier Lund.

- Vi tek dette med ro.

Forhandsreglar

Svineinfluensa

PÅVIST: Ein deltakar har fått påvist svineinfluensa på Gothia Cup, men spelarane frå Ålesund frykter ikkje at smitta vil spreie seg.

Foto: Jorge Dan (MEXICO HEALTH) / Scanpix/Reuters

Likevel tek gruppa forhandsreglar og er forsiktige.

- Vi er påpasselige med reinslegheit og sørger for å ha med oss våtserviettar, spesielt når vi et.

Spelarane frå dei tre laga som Blindheim IL har med på cupen held seg samla, men spelaren som vart sjuk blei truleg smitta før han kom til turneringa.

Han er no isolert frå dei andre deltakarane.