Hopp til innhold

- Hyttesatsing har vore ein suksess

Satsinga på Rindal som hyttekommune har gitt gode resultat.

I 2001 bestemte politikarane seg for å satse på bygging av hytter og fritidsbustader for å trekkje til seg folk som bur utanfor kommunen.

Fleire hundre hytter er blitt bygde siden vedtaket blei gjort, og no er det snart eitt tusen hytter i kommunen.

Dette har vore ein stor suksess, meiner ordførar Hanne Baalsrud.

Ringverknader

- Bygging av hytter har ringverknader for næringslivet. Det skaper grobotn for bedrifter i kommunen. I tillegg kjem det mye folk utanfrå i helgene, og det gjer at butikkane har god omsetning, seier Baalsund.

Ein storslått natur og eit landbruk i nedgang var grunnen til at politikarane i Rindal satsa på hyttebygging som næringsveg. Kommunen trong eit nytt bein å stå på.

Og hyttelivet på terskelen til Trollheimen har trekt til seg trønderar, kristiansundarar og sågar moldensarar som ikkje vil til alpinbakken, men gå lange rolege turar.

Fornøgd

Ein som har grunn til å være fornøgd, er sjefen for bedrifta Rindalshytter, Per Jarle Eide. I dag er det 930 hytter i Rindal, og det er eit svært høgt tal i ein kommune med berre 2100 innbyggarar. Eide trur hyttebygging vil vere ein viktig del av framtida for Rindal.

- Rindal må nok rekne med at folketalet kan kome til å gå ytterlegare ned, og då blir det viktig å trekkje til seg folk utanfrå gjennom å byggje hytter, seier Eide.

Balanse

Plan- og miljøsjef Webjørn Knarrum meiner kommunen har klart å finne ein balanse mellom å byggje hytter og samstundes bevare naturen si storslåtte prakt.

- Vi må sjølvsagt vere forsiktige, men det er vi òg, seier Knarrum.

Kor mange ledige hyttetomter er det i Rindal no?

- Det er vanskeleg å seie. Ein stad mellom 250 og 350, seier Knarrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL