I dag blei Jean Alassane Mendy skriven ut frå sjukehuset og kom tilbake til Kristiansund måndag ettermiddag. Mendy er kanskje den av alle som er interessert i norsk fotball generelt, og Kristiansund spesielt, som fekk med seg minst av det som skjedde.
– Eg hugsar eigentleg ikkje kva som skjedde. Det første eg hugsar er at eg låg i ambulansen. Og etter dette gjekk det bra, seier Mendy til NRK.
Dramatikken skjedde heilt mot slutten av kampen. I det 87. minuttet fekk Mendy ein solid smell i hovudet og landa stygt. Mendy blei liggande heilt stille og førstehjelpspersonell kom springande til med båre. Kampen blei stansa i fleire minutt og etter kvart blei Mendy trilla på båre ut frå stadion til applaus frå både heime- og bortesupporterar.
Medisinsk personell var raskt på bana og sørga for at Jean Allassane Mendy kom seg til sjukehus.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpixMendy blei send til sjukehus i Drammen der det blei påvist kraftig hjernerystelse. No skal Jean Allesane Mendy først og fremst ta det med ro. Han veit enno ikkje kor lang tid dette kjem til å ta.
– Det går mykje betre enn det var i går. Det var ganske tøft, ikkje minst når eg ser bilda etterpå. Eg var litt uheldig, men det gjekk bra, seier Jean Allassane Mendy når vi møter han på flyplassen.