Hopp til innhold

- Ho skulle drepe

I dag vitna ei tidlegare veninne til 28 åringen som er tiltalt for drapsforsøk i Vanylven i fjor haust. Vitnet var klar på at den tiltalte kvinna ville drepe rivalen og dottera hennar.

Per Kjetil Stautland og Øivind Bjørkås

Per Kjetil Stautland og Øivind Bjørkås er forsvarar i saka

Foto: Eirin Aardal

– Eg er redd for meg sjølv og familien min, fortalde ho i retten tysdag.

Dei to kvinnene har kjent kvarandre sidan sommaren 2007, og vitnet fortalde at veninna stadig kom med drapsplanar retta mot den 25 år gamle kvinna som vart angripen med kjevle i september i fjor.

- Eg tok det eigentleg aldri alvorleg, for eg trudde aldri nokon kunne gjere noko slikt. Slik eg såg det då var alt berre tull og tøys. I dag skjønar eg at ho er ein gal og farleg person, sa vitnet om den tiltalte kvinna.

Barnevakt

28- åringen skal ha ringt fleire gongar den aktuelle kvelden. Då skal ho ha bedt veninna sitte barnevakt medan dei to tiltalte skulle køyre og drepe den sovande kvinna og barnet hennar med eit kjevle og ein kniv.

- Eg sa at eg var sjuk og at eg ikkje kunne sitte barnevakt. Dessutan trudde eg framleis at det heile var tull og tøys, men eg følte på meg at noko kom til å gå frykteleg gale, fortalte vitnet.

Sjølvmord

Ifølgje vitnet skal den tiltalte kvinna ha fortalt at dei planla å slå både kvinna og barnet bevisstlause og legge dei i bagasjerommet på ein bil.

- Så skulle dei dumpe dei i sjøen og sende sjølvmordsmelding til sambuaren hennar, fortalde ho til retten.

Tidlegare på hausten skal 28- åringen ha fortalt at ho mellom anna skulle drepe rivalen med maursyre, eller ved å setje fyr på huset.

– Ho kalla alltid kvinna hore og dottera horeunge, og snakka så mykje om korleis ho skulle ta dei av dage at eg nesten vart sliten av det.

Nederlag

I forklaringa si fortalde vitnet at ho besøkte veninna dagen etter hendinga. Då skal den tiltalte kvinna ha vore svært misnøgd med situasjonen.

- Ho synes det var eit stort nederlag at dei ikkje klarte å ta livet av kvinna, og sa at eg måtte teie stilt om det eg visste, sa vitnet.

Sentralt vitne

Øivind Bjørkås, som er den tiltalte 28- åringen sin forsvarar, vil ikkje uttale seg om kva vitneforklaringa til tiltalte si tidlegare veninne har å seie for saka.

- Det er vanskeleg å seie, men ho er eit svært sentralt vitne, sa han.

Saka skal halde fram heile denne veka.