Hopp til innhold

- Ho har ikkje gjort jobben sin

Kulturministeren må gå, meiner Norsk Målungdom. Dei seier prosessen rundt tilsetjinga av ny direktør i Språkrådet har vore for dårleg.

Anniken Huitfeldt

FÅR KRITIKK: Kulturminister Anniken Huitfeldt får kritikk for handteringa av tilsetingsprosessen i Språkrådet.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Janne Nygård

STATSRÅDEN MÅ GÅ: - Huitfeldt har ikkje handtert tilsetjinga på rett måte, seier leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom.

Foto: Norsk Målungdom / Pressefoto

- Me syns ikkje ho har oppført seg slik ein minister bør. Måten ho har behandla denne saka på er rett og slett for dårleg, seier leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom.

Lyst ut på nytt

Stillinga som direktør i Språkrådet har stått ledig sidan 1. september, då Sylfest Lomheim gjekk av. Styret i rådet innstilte samrøystes Kjell Lars Berge til å ta over direktørstolen, men kulturministeren har valt å lyse ut stillinga på nytt, for å få ei breiare søkjargruppe.

- Eg forstår at det er ho og departementet som skal tilsetje, men eg syns det er ein veldig dårleg måte å behandle både styret, og dei som har søkt på stillinga, seier Nygård.

Dei fire i styret meinte at å trekkje seg var einaste reaksjonen dei kunne gi til måten Huitfeldt har handtert saka på. Janne Nygård fryktar at dette vil vere negativt for Språkrådet og deira arbeid.

- Ja, det er drastisk

- Me håper det kjem ei løysing snart, men når stillinga no skal løysast ut att, så fryktar me at det vil ta lang tid før det kjem ny leiar på plass.

Noregs Mållag har styremøte fredag morgon, og vil fyrst då uttale seg om kravet frå Målungdomen. Nygård innrømmer at det er drastisk å krevje at kulturministeren går av.

- Det kan du seie er drastisk, men me meiner at når ein minister ikkje gjer jobben sin, så trenge ikkje den personen å vere minister.