Hopp til innhold

- Hjelpa betyr alt

Ekstremvêret Dagmar har møblert om på store delar av skogen på Vestlandet. Oppryddinga kan vere eit farleg arbeid, og ikkje noko alle kan gjere. Då er det godt å få hjelp frå kunnig folk.

Får hjelp til å rydde skog
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Harald Fylling Knutsen har ei hytte på Emblem utanfor Ålesund. På tomta ligg no fleire tre med rota i vêret etter Dagmar sine herjingar 1. juledag.

Men no har han fått besøk av Nikolai Edvard Sæther og Erik Høstmark Løve og motorsagene deira.

Les òg:

– Uendeleg takksam

– Den hjelpa eg får no betyr eigentleg alt, seier Knutsen.

– Eg hadde nok ikkje klart å gjere jobben, og skulle eg gjort det hadde eg brukt minst eit år!

Video Ryddar skog etter Dagmar

Sjå korleis Harald Fylling Knutsen får hjelp til å rydde skog etter Dagmar.

– Får kviste og sage ved

Dei to skogryddarane har kome heilt frå Oslo for å hjelpe til med å rydde opp etter orkanen. Og arbeidet det er gratis.

Les òg:

– Vi sat heime i Oslo og hadde juleferie, så såg vi at Fylkesmannen ettersøkte hjelp. Så då pakka vi bilen og kjørte oppover, fortel Nikolai Edvard Sæther.

Saman med Erik Høstmark Løve jobbar han som anleggsgartnar.

Arbeidet dei no utfører rundt omkring i Møre og Romsdal er ikkje for kven som helst. Etter nyttårsorkanen i 1992 var det fleire som døydde i oppryddingsarbeidet.

Les òg:

Fylling Knutsen set umåteleg pris på hjelpa han får.

– Dei har gjort mykje meir enn ein kan forvente. Det er eit fantastisk arbeid dei har gjort. No får eg bruke vinteren til å kviste og sage ved.

Gratis arbeid, men ...

Arbeidet med å rydde skog har Sæther og Høstmark Løve sagt at skal vere gratis.

– Men likevel er det lov å gi nokre gåver, understrekar Fylling Knutsen.

Skogryddarane får bu gratis i hytta til Fylling Knutsen, og fått både frukost og middag.

– I tillegg har dei no fått litt snacks òg, både flytande og fast føde. Og litt andre påskjønningar, fortel Fylling Knutsen.

– At dei tek samaritanferda opp hit er jo heilt utruleg!

Les òg: