- Prosessen rundt kraftlinjesakene kunne vore anleis dersom politikarane ikkje var så historielause. Det seier professor Ola Grytten, ved Handelshøgskulen i Bergen.
Ola H. Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøgskule.
Foto: Helge SkodvinHan viser til at den pressa kraftsituasjonen i Møre og Romsdal og Trøndelag sist vinter, i stor grad kom som følgje av gassanlegget Ormen Lange på Aukra. Det var Bondevik to-regjeringa som i 2004 vedtok å drive det store gassanlegget ved hjelp av elektrisk kraft frå vasskraft og ikkje gass.
Ormen Lange-anlegget på Aukra.
Foto: Handout / SCANPIXOrmen Lange forsyner store deler av Europa med gass, og mange undra seg over at politikarane bestemte at anlegget skulle drivast av straum basert på vasskraft, i staden for gass. Bellona meinte til dømes at den såkalla kraftkrisa dermed var politikar-skapt. Ola Grytten trur porsessen rundt kraftlinjene i dag kunne vore annaleis med betre politisk minne.
- Enkelte gongar undrar eg meg over kor lite hukommelse ein har når ein fattar viktige vedtak. Ein veit at det har vore fatta liknande vedtak tidlegare og då må det vere mogleg å gå tilbake å sjå kor vellukka dei har vore, seier Grytten.