Hopp til innhold

- Heving same kva det kostar

- Eg ber sentrale styresmakter innstendig om at Bourbon Dolphin blir heva, seier ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy. Han meiner kostnadene er underordna.

Arnulf Goksøyr
Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Vraket av Bourbon Dolphin ligg no på 1100 meters djup vest for Shetland. - Eg er klar over at det er både teknisk vanskeleg og svært kostbart å heve båten, men i den grad det er råd å gjere det, ber eg om at det blir gjort, seier Goksøyr.


- Så kostnadene bør ikkje bety noko?


- Nei, dette er så viktig for det maritime miljøet som bidrar så mykje til samfunnet at vi bør strekkje oss langt for å dekkje kostnadene slik at vi kan finne årsaka til havariet, seier ordføraren i Herøy.