Folkemøte
Dei som møtte fram på møtet tysdag fekk høyre om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa for kvar det nye sjukehuset skal ligge. Helse Nordmøre og Romsdal har alt bestemt seg for Hjelset, men det har dei gjort ut frå kva dei meiner gir det beste behandlingstilbodet for pasientane.
Pengane ikkje på plass
Hovudproblemet er finansieringa. Frykta er at investeringsbehovet ved St. Olavs i Trondheim vil sluke det som finst av pengar til bygging. Ein av dei som er uroa over at finansiseringa ikkje er klar er ordførar Jan Petter Hammerø i Molde.
Klart i 2013
Direktør i Helse Nordmøre og Romsdal, Eirik Heggemsnes.
Det nye sjukehuset skal etter planen stå ferdig våren 2013, men pengane avgjer om det held stikk, og det er igjen avhengig av sentrale myndigheiter. Direktør i Helse Nordmøre og Romsdal, Eirik Heggemsnes, meiner framleis dei skal klare dette.
–Vi må halde optimismen oppe, og vi meiner vi må ha ein tempo-plan som gjer at vi kan realisere dette i 2012/2013
Utgreiinga om ulike sjukehusalternativ skal no ut til høyring.