Hopp til innhold

Vegen er så humpete at ambulansen køyrer omveg

Riksveg 70 mellom Tingvoll og Ålvundfossen er så smal og humpete at ambulansen må køyre ein omveg med pasientane.

Riksveg 70

Riksveg 70 er så humpete og dårleg at ambulansen køyrer ein omveg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den tre mil lange strekninga, som er hovedfartsåren mellom Kristiansund og Oppdal er full av hol og humpar. Og til vinteren vert det endå verre.

-Vegen er heilt forferdeleg å køyre. Den er smal, svingete og humpete, seier ambulansesjåfør Tone Lund Johansen.

Tone Lund Johansen

Ambulansesjåfør Tone Lund Johansen meiner det er på høg tid å utbetre riksveg 70.

Foto: Trond Vestre / NRK

Store smerter

Når ambulansen køyrer til Kristiansund vel dei ikkje den kortaste vegen, men køyrer ein omveg over Eidsvåg og Hjelset. Dette er fordi turen skal verte meir behageleg for pasientane.

Du kan jo tenke deg sjølv korleis det er å ligge i ambulansen med store smerter, seier kollega Jenny Fluge.

Spesielt om vinteren og våren er det ei utfordring å køyre dei tre mila. Då er det mykje telehiv i vegen.

Venta i 50 år

Riksveg 70

Riksveg 70, mellom Tingvoll og Ålvundfossen er så dårleg at ambulansen må køyre ein omveg av omsyn til pasientane

Det har vore klaga på den dårlege vegen i årevis, og både næringslivet og innbyggjarane fortvilar.

-Folk har høyrt om utbetringar av vegen i 50 år, men framleis har det ikkje skjedd noko, seier Tone Lund Johansen.

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap) har fått mange klager på vegen. Men å utbetre strekninga vil koste nesten ein halv milliard kroner, og bompengar er uaktuelt sidan det gir for lite inntekter.

Flytte pengar

Ståle Refstie

Ståle Refstie (Ap), ordførar i Sunndal kommune, vil flytte pengar for å starte vegarbeidet.

Foto: Roar Halten / NRK

No har kommunane i området søkt om å få flytte pengar frå små vegprosjekt i området til flaskehalsen på riksveg 70.

-Vi har sagt at vi skal finne pengar ved å omprioritere, for å komme i gang, seier Refstie. Det er snakk om 20–30 millionar kroner. Men ei slik omprioritering må gjennom Samferdsledepartementet, og Refstie veit at det kan vere vanskeleg.

-Må svare før valet

-Vi forventar at vi får eit positivt svar frå regjeringa før valet, seier Kristin Sørheim. Ho er fylkespolitikar frå Senterpartiet og meiner det er viktig at også fylkestinget har fokus på saka.

Riksveg 70

Riksveg 70 er smal og svingete

Foto: Trond Vestre / NRK

Men inntil vegen kjem på plass, må ambulansen halde fram med å køyre omvegen.

-Vi har venta lenge nok no, seier Tone Lund Johansen.