Hopp til innhold

- Har vore heldig

Oljeutsleppet har ikkje skapt store skader i Geiranger.

Oljeutslepp i Geiranger juli 2009

OLJESØL: Absorberande lenser og bark har fått vekk noko av griset, medan varmen har gjort sitt til at oljen har fordampa frå berg og fjøre.

Foto: Tarald Green-Stensrud / NRK

Geir Thorsen

RYDDA OPP: Beredskapen for akutt forrureining har fungert godt. Leiar for den interkommunale gruppa, Geir Thorsen, er fornøgd med innsatsen.

Foto: Aina Rødal / NRK

- Det er litt tilgrisa med olje i tare og på stein, men heldigvis ikkje store mengder tungolje, seier leiar for den interkommunale gruppa for akutt forrureining på Sunnmøre, Geir Thorsen.

Naturen ordner opp

Søndag lak det olje og diesel frå turistskipet Spirit of Adventure i Geirangerfjorden.

Sidan har det vore høge temperaturar i området der utsleppet fann stad, noko som har gjort skadane mindre.

- Oljen fordamper og naturen ordner stort sett opp, seier Thorsen.

- Vi ser at frå vi starta aksjonen har området blitt mykje betre.

Dyr opprydding

Arbeidet med oppryddinga har pågått kvar dag sidan utsleppet søndag, og prislappen kjem truleg på fleire hundre tusen kroner.

Bellona: Rederiet må straffes

Thorsen seier at det ikkje blir store skadar på miljøet i fjorden etter uhellet.

- Dette var eit begrensa utslepp og ikkje så store mengder. Det at vi fekk ringa inn mesteparten av oljen i starten gjorde at skadene blir små.

Les alt om utsleppet her: