Hopp til innhold

Ingenting avgjort om Hjellegjerde

Tilsettrepresentant Hallvard Sandvik i Hjellegjerde seier det framleis er håp om å kome i mål med ein avtale med Interstil AS i kveld.

Tilsetterepresentantane i Hjellegjerde.
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Målet med denne innsatsen midt i ferien, er at vi vil verne bedrifta. Vi vil at den skal vere med vidare, så det er klart vi er spente alle saman, seier Sandvik til NRK onsdag kveld.

Møter heile dagen

Styremøtet i Hjellegjerde starta klokka 12 i dag, og har hatt mange pauser undervegs.

Det er mange involverte, og mykje skal på plass før dei har kome opp i 67 prosent førehandsaksept frå aksjonærane på avtalen med møbelgrossisten Interstil AS.

– Vi nærmar oss ei løysing. Det er håp, men det kan sjølvsagt gå andre vegen også, seier Sandvik.

– Det står høgt i kurs å finne ei løysing her. Det er tross alt snakk om 70 arbeidsplassar i Sykkylven.

Han er heilt klar på at alternativet til at møbelgrossisten Interstil får kontroll med Hjellegjerde, er konkurs.

– Det fins inga anna løysing no, seier Sandvik.

Økonomisk krise

Møbelkonsernet med lange tradisjonar i Sykkylven fekk måndag utsett betalinga av eit lån på 20 millionar kroner av DnB Nor.

Lånet hadde forfallsdato 31. juli.

Dersom ikkje banken hadde vist nåde, kunne dei slått Hjellegjerde konkurs for misleghald av lånet.

Tilbod tysdag

Interstil AS kom tysdag ettermiddag med eit tilbod om aksjekjøp i ein retta emisjon på 20 millionar kroner. Denne avtalen vil føre til at møbelgrossisten frå Sandnes får kontroll over Hjellegjerde.

Dei tre største aksjonærane har sagt ja til budet frå Interstil AS, men dette er ikkje nok. Til saman har storaksjonærane God Driv, Norinvest og Brutel 57 prosent av eigarskapet. Interstil sitt tilbod er berre gyldig om 67 prosent av aksjonærane seier ja.

Styret har tidlegare slått fast at einaste alternativet til emmisjon er skifteretten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL