Hopp til innhold

- Hald trykket oppe

- Politiet må halde oppe trykket i etterforskinga i valdtektssaker, også når media sitt søkelys sloknar, oppmodar bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland.

Video nsps_upload_2010_1_20_9_37_14_1129.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nyland vart i dag bistandsadvokat for kvinna i 20-åra som vart valdteken i Ålesund sentrum natt til søndag.

Dette var den sjette episoden med voldtekt- og voldtektsforsøk i Ålesund sidan mai i fjor. Framleis er ingen pågripne, og til lengre tid det tek før gjerningsmannen vert funnen, til større er belastninga for offera.

- Det verkar som om saker ligg for lenge. Når vi har eit avgrensa tal på gjerningsmenn som etterforskinga kan verte retta inn mot, så er det viktig at ein ikkje slepp fokus, men har framdrift i saka, seier Nyland.

Saker lagt bort

I mai vart tre jenter utsette for forsøk på valdtekt, og i alt er seks unge kvinner utsette for overgrep i Ålesund dei siste månadane. I to av tilfella er ofra valdtekne.

- Vi meiner det er trekk som er like mellom ei overgrepssak i fjor vår og valdtekta som skjedde i helga, sa etterforskingsleiar og politioverbetjent Terje Rishaug ved Ålesund Politistasjon på ein pressekonferanse i går.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

"Lise" er ein av dei som vart brutalt overfalle av to menn midt i Ålesund sentrum i fjor. Ho meiner møtet med politiet var eit nytt slag.

- Ein av dei første tinga eg vart møtt med der var at dei sa at det er straffbart å levere falsk forklaring. Då vert ein veldig redd for å seie noko gale. Ein er redd for å ikkje verte trudd, seier ho.

No er saka lagt bort.

- Det er ei ekstra belastning for den fornærma når framdrifta uteblir, seier Mette Ekroll Nyland.

- Det tek for lang tid

Og Nyland meiner at framdrifta ofte er manglande.

- Det er mitt inntrykk at den enkelte tenestemann og -kvinne som jobbar med desse sakene er oppriktig interesserte i å gjere ein god innsats, men av og til verkar det som om systemet ikkje klarer å ivareta framdrift. Når ei sak vert flytta frå den eine etterforskaren til den andre og når saka skal frå etterforskar og vidare til påtaleansvarleg, er det for ofte manglande framdrift.

Berre det å få utført ei DNA-analyse er ei tolmodsprøve i valdtektssaker

- Det veit eg ikkje. Eg berre konstaterer at det tek for lang tid. Dette er opp til Kripos. Dei har mange prioriterte saker og dette er ei av sakene som Kripos skal prioritere, men der tek det altfor lang tid.

Frykt i gatene

Voldtektene og overfalla i Ålesund skaper frykt i sunnmørsbyen. No vert kvinner åtvara mot å gå åleine ute om kvelden.

I mellomtida ventar alle på at politiet skal finne den eller dei som står bak overfalla. Mette Ekroll Nyland meiner politiet brukar for lang tid.

- Eg har eit eksempel der det vart teke ei prøve i byrjinga av juli og meg så vidt eg veit er det framleis ikkje kome tilbakemelding frå Kripos.

Politiet vedgår at lang saksbehandlingstid i valdtektsaker er eit problem. Men det er fleire årsaker til at ting tek tid.

- Det er litt ulik saksbehandlingstid på dei ulike sakene, men det er ofte vanskeleg å etterforske. Prøver og analysar for eksempel skal på rettsmedisinsk og det tek naturlegvis tid, seier politiadvokat Unni Moen Vikebakk i Sunnmøre politidistrikt.

Ingen mistenkt

Etterforskingsavdelinga hjå politiet i Ålesund er prega av valdtekten av den 20 år gamle kvinna natt til søndag. Men så langt har ikkje politiet nokon mistenkt.

- Status er uendra i den forstand at vi har inken mistenkte i saka. Vi etterforskar breitt og ynskjer bistand frå publikum. Vi veit blant anna at der er to par som har gått på kvar si side av Kirkegata. Vi veit også om ei lys jente som stod og snakka med to utlendingar i området. Det er slike aktuelle vitner for oss, fortel Vikebakk.

Ein av teoriane til politiet er at valdtekta i helga har samanheng med tre valdtektsforsøk i mai i fjor. I mai sikra politiet seg DNA-spor:

- Det stemmer at vi har eit DNA-spor frå ei av sakene i mai, men det er for tidleg å seie om vi har DNA-spor i denne saka.

Politiet har sjekka fleire personar opp mot valdtektssaka. Gjerningsmannen frå valdtektsforsøka i mai skal vere av utanlandsk opphav, og politiet har fokus på dette i etterforskinga.

- Det har vore antyda at gjerningsmannen hadde ein utsjånad som ikkje var etnisk norsk, men vi fokuserer ikkje på noko spesielt miljø utanom ekstra fokus der, seier Vikebakk.