NRK Meny
Normal

- Gravlegg kongestatuen!

Biletkunstnaren Arne Nøst i Molde meiner det beste er at Knut Steens kongestatue blir gravlagd i Italia. Den har ingenting på Sunnmørskysten å gjere, meiner han.

Arne Nøst
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Steens Olavsstatue representerer ein estetikk som tida har forlate, og som var gyldig i andre regime enn vårt for 30-40-50 år sidan, seier Arne Nøst.

Generaltabbe

Arne Nøst er kritisk både til måten Knut Steen fekk oppdraget på, til heile prosessen og til statuen slik den framstår i dag. Han karakteriserer resultatet som "ein skivebom".

- Det er ei ærleg sak å bomme, seier han. - Men denne statuen skal måle seg med Nils Aas' fantastiske skulptur av kong Haakon ved Utanriksdepartementet. Her var meininga at Olav skulle stå ved Oslo rådhus og vinke til far sin oppe på haugen - ein generaltabbe!

Modig

Arne Nøst kallar likevel Knut Steen modig som har stått imot presset og ikkje "tatt vekk patronbeltet av eit folk og ikkje redusert Ceausescus arm".

- Steen har laga flotte skulpturar før, seier han, men den lettheita, den plastiske formingsevna og den originaliteten han har vist i marmor, har han ikkje brukt her.

- Tenk nytt!

- Det var ei klok avgjerd av Oslo kommune å seie nei, og det beste for Steen sjølv vil vere at han gravlegg Olavsstatuen i italiensk jord - ikkje at han skal få sunnmøringar som kjem springande og skal ha gratis kongestatue, seier Arne Nøst.

- Både Herøy, Stadlandet og andre stader som har meldt si interesse, greier seg godt utan denne statuen.

-  I staden for å overta dette eksperimentet frå Italia burde Herøy-ordføraren heller snakke med reiarane i kommunen, få nokre ferske, flotte millionar av dei og invitere fylkets eigne unge kunstnarar til å lage eit monument som er ungt og dristig, foreslår biletkunstnaren Arne Nøst.