Helse Midt-Noreg skal utarbeide ein femårs strategiplan for spesialisttenestene og ber mellom anna politikarar til å vere med i diskusjonen.
Jon Aasen. Foto: Gunnar Sandvik, NRK
Aasen trur den kjem til å dreie seg om oppgåvefordeling, og seier det ikkje er aktuelt å akseptere ei nedbygging av spesialisttenestene i fylket.
Helse Midt-Noreg vil ha flest mogleg på banen når dei skal lage ein fem års strategiplan for sjukehusa i regionen.
Fagmiljøa ved sjukehusa har allereie fått kome med innspel, og til hausten vil helseføretaket gå breitt ut og invitere både private klinikkar, politikarar og andre samarbeidspartnarar til å kome med innspel og synspunkt på korleis spesialisttenestene skal organiserast framover.
Helseføretaket seier målet er å styrke og betre spesialisttilbodet til innbyggarane.
26.august skal Jon Aasen i møte med helseføretaket, og han vil ta med seg ein viss skepsis til planane.