– Me har ikkje lyst å vere i nedrykksstriden, seier spelande trenar i Kristiansund Håndballklubb, Jonatan Magnusson.
Foto: Roy W. AakreLike over nedrykksstreken. Nummer ni av dei tolv laga i fyrstedivisjon for menn. 16 poeng vart fasiten for sesongen for nordmørslaget. I siste runde var det opprykkskandidaten Lillestrøm TH som stod på motsett banehalvdel i Skedsmohallen.
– Det gjekk ikkje bra. Me klarte ikkje å henge med, sa Magnusson då kampen var over.
- LES OGSÅ:
– Lillestrøm var i storform
Dainius Matutis vart kåra til Kristiansund sin beste spelar etter kampen mot Lillestrøm.
Foto: Roy W. AakrePå resultattavla stod då siffera 36–25. Heile 812 tilskodarar var komne til hallen for å sjå heimelaget kjempe om opprykk til eliteserien.
– Lillestrøm var i storform. Dei kjempa for opprykk, og klarte det, seier den spelande trenaren.
Magnusson tok over sommaren 2013 då landsmannen
for å reise heim til Island. No ser den spelande trenaren framover, og håper på ein betre sesong.Usikker på neste års stall
– Me har ikkje lyst å vere i nedrykksstriden. Det er mykje som må gjerast, seier han om førebuingane til neste sesong.
No skal han, saman med spelarstallen og leiinga i klubben finne ut kven som blir med vidare.
– Det er alt for tidleg å seie korleis stallen ser ut neste år, men det jobbar me med utover våren, fortel Magnusson.