Hopp til innhold

- Godt kulturtilbod i Ålesund

Thor Ivar Forsland er godt fornøgd med tilbodet i Ålesund, men alle byane i fylket ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld prioritering av kultur.

Thor Ivar Forsland

Thor Ivar Forsland, leiar i aktivitetshuset 'Huset' i Ålesund.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Omfanget og kvaliteten på kulturtenestene i Kristiansund kommune ligg på 25 prosent lågare enn landsgjennomsnittet. I Molde kommune er det 21 prosent lågare, mens det i Ålesund er 30 prosent lågare enn landsgjennomsnittet.

Det viser eit forskingsprosjekt Teknisk beregningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi har gjennomført for å vidareutvikle og forbetre det kommunale tenestetilbodet.

Korleis prioriterer di kommune? Finn ut korleis di kommune prioriterar!

- Godt tilbod i Ålesund

Leiar i Allaktivitetshuset "Huset" i Ålesund, Thor Ivar Forsland, merkar lite til at Ålesund ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld å prioritere kultur.

- Eg synes vi har eit godt tilbod for ungdom her i Ålesund, seier Forsland.

Huset vart starta opp for to år sidan, og er ein samlingsstad for ungdom frå 15 år og oppover.

- Vi har 500 kvadratmeter med biljardbord, trådlaust internett, kino, Playstation 3, dansegolv og bandutstyr. Det er viktig at dette er eit tilbod som skal være tilgjengeleg for alle og ikkje koste så mykje.

Forsland meiner at Ålesund kommune er flinke til å satse på kultur.

- Eg synes dette blir betre dei siste åra. Vi har både matfestival, teaterfestival og eit flott kulturhus som blir mykje brukt.

Fokus på bibliotek

Svein Helge Hanken frå Høgre

Svein Helge Hanken frå Høgre

Foto: Are Pilskog / NRK

Undersøkinga har lagt vekt på talet på bøker i biblioteka, utlån av bøker, talet på kinoseter, kinobesøk og støtte til aktivitetstilbod til born og unge. Svein Helge Hanken (H), leiar for kultur- og oppvekstkomiteen i Ålesund, meiner difor at desse tala ikkje er talande for kulturtilbodet Ålesund har å by på.

- Eg ble litt overraska, for dette er ein ny måte å måle dette. Vi veit at vi brukar meir pengar på kultur enn gjennomsnittet både i fylket og i landet.

Hanken meiner likevel at Ålesund har noko å gå på.

- Det som bør gjørast er å satse vidare spesielt på biblioteka. Men vi veit at vi er gode på andre felt, som tilskot til lag og organisasjonar. Eg er nøgd, men vi kan alltid bli betre.

Kva synes du om kulturtilbodet i fylket? Diskuter her!