Hopp til innhold

- Gjennomsnittsmålingar er framtida

ATK-sentralen vil ha fleire målingar av gjennomsnittsfart på norske vegar, og meiner det er framtida.

Måler gjennomsnittsfart

Kanskje vert måling av gjennomsnittsfart framtida om ATK-sentralen får det som dei vil.

Foto: Geir Åge Jensen / NRK

Leiaren av ATK-sentralen i Fræna, Kjell Arne Hestad, er samd, men vil samstundes ha fleire fotoboksar på norske vegar for å hindre alvorlege ulykker.

– Spesielt for ferske bilistar som ikkje er heilt sikre på køyringa si er det ikkje alltid like enkelt å sjå på speedometeret heile tida. Derfor vil vi ikkje ha slike fotoboksar, seier 20-åringen Ketil Andre Målen frå Fræna der rånekulturen står sterkt.

Les også:

Skeptisk ungdom

For sjølv om ATK-sentralen har trua på gjennomsnittsmålingar, møter det motstand blandt unge i Fræna.

Hestad roar ungdom ned med at ein må ligge betydeleg høgt over eit lengre strekke for å verte teken.

Kjell Arne Hestad
Foto: Roar Halten

– Fordelane med måling av gjennomsnittsfart er fleire. Bilistane held ei jamnare fart og tilpassar seg fordi dei veit det er måling av fart over eit visst strekke, seier han.

Meir rettferdig måling

Måling av gjennomsnittsfart har vore prøvd ut blant anna på Dovre, i Telemark og i Østerdalen, og Hestad trur evalueringa frå dei stadane vil verte positiv.

Slik ser han for seg at det vil verte innført sakte men sikkert frå neste år, og i ein kombinasjon med vanlege fotoboksar.

– Eg trur mange vil oppfatte denne fartsmålinga som meir rettferdig enn dagens fotoboksar. Det er lettare å akseptere at ein har fått bot for å køyre for fort over eit lengre strekke, enn det er å vere uheldig ved eit enkelthøve akkurat der fotoboksa stod, påpeikar Hestad.

Spesielt i tunnelar og på bruer der det er vanskelig å gjennomføre kontrollar, kan måling av snittfart verte meir vanleg.