Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal (Ap). Foto: Gunnar Sandvik.
- Vi kan ikkje late som om kraftforsyning er noko som vi berre kan hente i utlandet og late som om vi dermed er miljømedvitne, seier Aasen.
Ja til gasskraft
Aasen seier heilt klart ja til gasskraft, men medgir at biletet er noko meir varierande om ein spør leiinga i Arbeidarpartiet sentralt.
- Vi må bygge gasskraftverk, ellers må vi bygge ut fleire av fossefalla våre, seier Aasen til NRK Møre og Romsdal. Det greiaste og mest gjennomførbare er å bygge gasskraftverk, seier han.
Vanskeleg politisk
Jon Aasen innser at det kan bli vanskeleg å gjere gasskraft til ei valkampsak, ikkje minst på grunn av planane om eit eventuelt regjeringssamarbeid med SV og Senterpartiet. - Ei slik sak kan nok skape vanskar, men ho må ikkje føre til at vi misser målet av sikte, då har det ikkje noko hensikt med eit regjeringsskifte. Vi er nødt til å få ei regjering som tør å ta ansvar for industriutbygging og energiutbygging, meiner Aasen.
Romantisk
Aasen meiner spørsmålet om framtidig kraftforsyning er avgjerande for om distrikta skal overleve. Han meiner det er eit spørsmål om kva distrikta skal leve av i framtida. - Folk i meir "asfalterte strok" har nok eit meir romantisk syn på "livet på landet" enn det vi har vi som bur her, og det å fronte energiutbygging har kanskje ikkje same gjennomslagskraft i urbane strok, meiner han.