Hopp til innhold

- Galskap i alle ledd

Jonsokbålet på Slinningen i Ålesund er verdas høgaste. I kveld kan du følgje ungdomane som lagar det 30 meter høge bålet i filmen ”Det siste bålet”.

Slinningsbålet
Foto: Dag Lausund

Dag Lausund

Dag Lausund har laga filmen om Slinningsbålet.

Foto: Rune Hansen / NRK

Det er Dag Lausund som har laga dokumentarfilmen.

– Historia i filmen er enkel: Dei samlar material til bålet, dei bygg bålet, for så å brenne det ned.

Men det filmskaparen ynskjer å vise er kva det er som driv ungdommane til å leggje ned hundrevis av timar på eit bål som brenn ned på kort tid.

Arbeider døgnet rundt

I filmen syner Lausund livet blant ungdommane som bygg verdas høgaste bål. I tida før jonsokaftan brukar mange av bålbyggarane store delar av døgnet på Slinningsbålet.

– Ved bålet lagar dei mat og ser fjernsyn, men først og fremst er det snekring og hardt arbeid.

- Galskap

Bålbygginga er ein viktig del av ungdomstida til dei som bygg bålet meiner filmskaparen. Han legg likevel ikkje skjul på at det er eit element av galskap i det å bygge eit så høgt bål.

– Det er galskap i alle ledd. Eg trur ungdomane som bygg bålet også vil vedgå dette.

Filmen ”Det siste bålet” går på NRK1 klokka 22.30 måndag kveld.

Bygging av Slinningsbålet

Når bålet er 30 meter høgt trengst det mange hender.

Foto: Dag Lausund