Arill Riise. Foto: Fiskebåtredernes Forbund
- Våre fiskarar observerer at russiske båtar driv ulovleg fiske i Barentshavet i samme omfang som før, seier Arill Riise, informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund. - Det synest ikkje som tiltaka mot det ulovlege fisket har verka.
Dialog med russarane
Fiskebåtreiarane ønskjer at staten og fiskerinæringa skal setje ned ei felles arbeidsgruppe som skal arbeide med tiltak mot tjuvfiske.
- Vi ønskjer dialog med russarane, seier Arill Riise. Rett nok har innsatsen ført til at det er blitt vanskelegare å omlaste fiskefangstar og omsetje dei på den europeiske marknaden. Men kriminelle miljø i Russland har gjort seg avhengig av store inntekter frå tjuvfiske. Det er snakk om 1 - 1,5 milliardar kroner i året. Derfor må arbeidet mot det ulovlege fisket intensiverast, seier Riise.
Orlogskaptein Lars Kjøren ved Kystkommando NOR hevdar at dei har observert færre lastebåtar under fordelsflagg som driv med omlasting av fisk. Han meiner det er for tidleg å seie om det russiske tjuvfisket har same omfang som før.