Hopp til innhold

- Forventar tre poeng

Tornekrattet ventar tre poeng når dei tek i mot Bodø/Glimt til fyrste heimekamp søndag kveld.

Eva Brit Mauseth
Foto: Åge André Breivik / NRK

- Vi spelte ingen god kamp sist, men det tillot heller ikkje banen, seier Eva Brit Mauseth, som er leiar i supporterklubben Tornekrattet.

- Laget viste ein kontroll i kampen, og det lovar bra, seier ho.

Til høgre kan du sjå bilda frå oppladinga på Sportspuben 1911, før kampen mot Bodø/Glimt.

- 5. plass!

Laget slo Lyn i seriopninga, og Mauseth håper dei no vil halde fram med dei gode taktene. Molde stiller til sesongen med mykje den same troppen som dei enda på åttande plass med i 2008-sesongen, men Mauseth er trygg på at det vil ende betre i år.

- Det blir femte plass. Det har eg sagt heile vegen. Spelarane har fått trena på ein mykje betre måte gjennom vinteren i år enn dei gjorde i fjor, og no kan dei få stige inn i den rolla dei var tiltenkt, seier Mauseth.

Må vinne heime

Men ein ting er naudsynt for at Molde skal greie å gjere det betre enn i 2008-sesongen.

- Vi må vinne heime. Vi gjorde det ikkje dårleg der i fjor heller, men vi var ikkje sterke nok.

I Molde ligg det snø i lufta før kampstart, men Mauseth er ikkje overraska over det.

- Kva kan ein forvente når sesongen startar i slutten av mars? Her i Molde har vi i alle fall ei grasmatte som kan minne oss om sommar, seier ho.

For Aker Stadion har blitt trekt fram som eit av dei gode døma på korleis ei grasmatte skal vere, før den fyrste heimekampen i ein sesong som startar rekordtidleg.

- Har ein sterk stall

I kampen mot Bodø/Glimt startar Jose Mota på benken, og Rune Ertsås, som avgjorde fyrste serierunde mot Lyn, er ikkje ein gong på benken.

Likevel er ikkje Mauseth bekymra framfor kampen.

- Vi har ein veldig sterk stall. Vi har ikkje nok spelarar til å ha dobbel stall, slik som Rosenborg har, men stallen er likevel sterk, seier ho.

Ho seier seg trygg på at det blir ein femteplass på laget, men meiner ein ting er viktig for at det skal gå bra.

- Troppen må halde seg skadefri, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL