- Forskjellsbehandling om skjenking

Utelivsbransjen i Molde meiner kommunen driv med forskjellsbehandling når det kjem til skjenkeløyve.

Molde rådhus

- FORSKJELLSBEHANDLING: Utelivsbransjen i Molde meiner kommunen forskjellsbehandlar utestadane når det gjeld skjenkeløyve.

Foto: Odd Sørås / NRK

Børre Tangen

REAGERER: Børre Tangen reagerer på det han meiner er forskjellsbehandling i Molde.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Fleire reagerer på at eit festivalskip frå Raumarock får utvida skjenkeløyve under Moldejazz, medan andre arrangement ikkje har fått det tidlegare.

- Eg syns dei er kreative som finn på dette, sånn konkurranse liker me, seier direktør ved Hotell Alexandra, Børre Tangen.

- Alt er lov under jazzen

- Det me ikkje er så veldig glad for her i Molde er politikken som kommunen utfører når det gjeld å dele ut skjenkeløyve, legg han til.

I følge Børre Tangen reagerer mange i hotellnæringa på at festivalbåten som Raumarock vil ha i byen under Moldejazz får utvida skjenkeløyve.

- No har kommunen stramma inn våre rammevilkår frå 1. juni. Dei som driv heile året får stramma inn med ein time. Me får heller ikkje utvida skjenking hverken under Bjørnsonfestivalen, Byfestivalen eller liknande. Men når det er jazz så er på ein måte alt lov. Då kan ein berre kome og leggje ein båt til kaia og få skjenkeløyve.

- Piratskip

Fjord Visjon

- PIRATSKIP: Leiinga i Moldejazz er ikkje glad for at Raumarock skal legge denne båten til kai under festivalen i Molde.

Foto: privat

- Så me stiller spørsmål ved praksisen til kommunen når det gjeld å gje skjenkeløyve.

I går reagerte Moldejazz-leiinga sterkt og kalla båten eit piratskip. Mellom utestadane der båten skal ligge er meiningane delte. Nokon fryktar dei vil stele kunder, medan andre trur det blir nok øl-tørste gjestar på alle.

- Ufortent kritikk

I spørsmålet om forskjellsbehandling meiner kommunalsjef Magne Orten at kritikken er ufortent.

- Eg føler ikkje at det er noko gjennomført forskjellsbehandling gjennom arrangementa, men det me må halde oss til er det som er knytt til vilkåra i skjenkesamanheng, der det er snakk om større arrangement, seier Orten.

- Då må me vurdere det ut frå det, og også kva byen får av besøkjande og folk som då har behov for å nyte det som byen tilbyr, seier han.