Hopp til innhold

- Før var dei redde for Lucia

Barn med lys i håret, og eit fat med bollar i handa. Lucia-feiringa har ikkje alltid vore slik me ser den i dag.

Spjelkavik barneskole i dag tatt verdensrekord i Lucia-parade.

VERDSREKORD: Spjelkavik barneskole sette verdsrekord i Lucia-tog i 2009. Feiringa har ikkje alltid vore slik.

Foto: Spjelkavik barneskole

Birger Løvlie

ANNLEIS-NOREG: Medan Europa feira den unge jenta Lucia, vart ho i Noreg sett på som vond, seier kyrkjehistorikar Birger Løvlie.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Ho var faktisk ein del av den vonde verda, seier kyrkjehistorikar Birger Løvlie ved Høgskulen i Volda.

Helgenen vart markert same dag i Noreg som i resten av Europa, men mykje var annleis.

- Det er nok berre namnet som kom inn gjennom katolisismen. Dei fekk høyre at Lucia var ein helgen i Europa, men fekk berre med seg namnet, og tok det inn i den ondaste tida i året. Då vart ho skummel, fortel Løvlie.

Høyr 13. episode av adventskalenderen her:

Ingen klestørk den natta

Og den skumle Lucia måtte ein beskytte seg mot. Til dømes kunne det ikkje henge ute kle på Lucia-natta.

- Då kunne den vonde erobre plass i tøy og liknande, seier Løvlie.

Viktigast var det med bleier.

- Ungane vart meir utsette for sjukdom og død dersom bleiene hang ute den natta, seier historikaren.

Men feiringa har endra seg. No blir dagen feira med tog i barnehagar og på skular. Borna har lys i håret, og serverer gjerne bollar.

- Den feiringa kom nok då barnehagane slo til. På 1970-talet vaks dei utover landet. Då var dette eit kjærkome høve til å skape fest for borna.

- Alt handlar om lys

Feiringa kjem frå Sverige, fortel Løvlie. Dei fanga tidleg opp, og heldt på, tradisjonen med å feire ei ung jente frå Siracusa i Italia som vart martyr.

Les meir om tradisjonen nederst i artikkelen.

Frå den mørke Lucia, til den med lyset på hovudet, har lyset vore viktig i denne tradisjonen. I mørketida er det viktig å markere trua på at lyset skal sigre, meiner Løvlie.

- Alt handlar om lys og mørke i denne tida. Ein byrja tenne lys, og Lucia er lysberaren som gjekk rundt med ein lyskrans på hovudet, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no