Hopp til innhold

- For tidleg å seie gratulerer

Mette Hanekamhaug (Frp) får truleg utjamningsmandatet i Møre og Romsdal. Men tysdag morgon er ho framleis ikkje heilt sikker.

Video nsps_upload_2009_9_15_11_24_11_1662.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Usikkert utjamningsmandat

Mette Hanekamhaug
Foto: Frode Berg / NRK

- Vi er akkurat no inne på utjamningsmandat, men vi får ikkje vite det heilt sikker før finteljinga er over, seier Hanekamhaug.

Ho prøver å halde att jubelen før ho er heilt sikker på at ho får plassen.

- Eg er ikkje heilt sikker på korleis dette blir, Torgeir Dahl (H) kan også få utjamningsmandatet, men det kan også fordele seg annleis, seier 22-åringen frå Molde.

Hanekamhaug seier at ho får svar på om ho får utjamningsmandatet innan eit par dagar.

- No blir det til å gå i spenning i nokre dagar til.

Kven som får utjamningsmandatet blir først klart når ein får resultatet frå heile landet.

Les også: Bingo om utjevningsmandat

Les også: Resultater for Møre og Romsdal