Hopp til innhold

- For lite til vedlikehald

Regionvegsjef Berit Brendskag i Vegvesenet er fornøgd med at løyvingane til samferdsel er på nivå med Norsk Transportplan. Men løyvingane til vegvedlikehald er for små, meiner Brendskag. Les meir om statsbudsjettet og samferdsel i Møre og Romsdal:

- Eg er skuffa over at vi med dette budsjettet ikkje greier å gjere noko særleg med forfallet på vegane våre, seier ho. - No er oljeprisane høge, dermed blir asfalten dyrare slik at det blir lagt færre kilometer med ny asfalt.

Blant samferdselsprosjekta i Møre og Romsdal på statsbudsjettet finn vi desse:

  Kvivsvegen på statsbudsjettet

 

  • Det er sett av 18,8 millionar kroner til rassikring.
  • Forlenging av bompengeperioden for KRIFAST for å finansiere andre vegprosjekt på Nordmøre.   Lengre bompengeperiode i KRIFAST?
  • E136 Åndalsnes - Dombås får 13 millionar kroner, hovudsakleg til gang- og sykkelvegar. Strekningar på Lesja skal prioriterast.
  • Til E39 Ålesund - Trondheim er det sett av 14,6 millionar kroner, vesentleg til trafikksikringstiltak.
  • Det blir anleggsstart på strekninga E39 Renndalen (Halsa) til Staurset bru (Sør-Trøndelag).
  • Til Riksveg 70 Kristiansund - Oppdal er det sett av ei investeringsramme på 4,5 millionar kroner til trafikksikring og planlegging.
  • Rassikringsmidlane skal nyttast til fullfinansiering av riksveg 62 Fressvika - Jordalsgrenda. Problem med ein tunnelopning har forseinka prosjektet, som ein no reknar med skal opnast i desember i år.
  • Riksvag 64 Atlanterhavstunnelen (Kristiansund - Averøya) får 245 millionar kroner til vidareføring. Tunnelen skal opnast for trafikk tidleg i 2009.
  • Arbeidet på riksveg 662 ved Haukabøen i Molde skal førast vidare.

 

  • Sjøverts trafikk:Det er sett av 11 millionar kroner til utdjuping av farleia i Røyrasundet i Herøy.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL