NRK Meny
Normal

- For enkelt å sparke Stavrum

Tidlegare Molde-trenar Reidar Vågnes ber klubben gjere omfattande endringar i det sportslege apparatet. Å gje trenaren sparken er for enkelt, meiner Vågnes.

Reidar Vågnes
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Det er alltid trist når ein trenar må gå, og i tilfellet Arild Stavrum var det kanskje for tidleg, seier Reidar Vågnes.

Ikkje berre trenaren

- Molde har vore i botnen av Tippeligatabellen i fire år med forskjellige trenarar. Dette skulle tilseie at det er litt for enkelt å sparke trenaren for å løyse problema, seier Vågnes, som vonar MFK no vil ta heile det sportslege konseptet sitt opp til grundig vurdering, for han meiner det er dette konseptet som er for dårleg. 

Handlekraft

- Det er blitt slik i norsk fotball at handlekraft er det same som å gje nokon sparken. For meg er handlekraft å støtte, vere tolmodig og tenkje langsiktig. Det er mange dyktige menneske i MFK, og eg vonar dei no vil ta seg til til å arbeide i lag for å byggje eit sterkare sportsleg konsept. I det ligg blant anna å tilsette ein sportsdirektør, seier Vågnes. Dersom dette lykkast, er han sikker på at Molde kjem tilbake i toppen i norsk fotball.

 

Arild Stavrum
Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Tru på Stavrum

- Arild Stavrum er eitt av dei mest spennande topptrenarnamna i norsk fotball. Arild er veldig skuffa no, men han har rygg til å bere det som er skjedd. Han vil bruke desse erfaringane på ein positiv måte, og snart kjem han styrka tilbake, trur Reidar Vågnes.