Hopp til innhold

- Folk er flinke å gi

"Gratisfesten" er heilt ikkje gratis. Folk er flnke til å gi pengar til festivalen, seier Vidar Uggedal.

Vidar Uggedal og Rose M. Blindheim frå Giske blandakor passar på pengebøssene.
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Vidar Uggedal er ein av dei frivillige som deltek på Sommarfesten på Giske. Saman med Rose M. Blindheim har dei ansvaret for ein av pengebøssene på festivalområdet.

- Eg har inntrykk av at folk er rause med å gi sitt bidrag til festivalen, seier Uggedal.

Han stiller som medlem i Giske blandakor og har ikkje heilt oversikt over kor mykje pengar som har kome inn, men ein god del er det, seier han.

Kollekt

Hundrelappane sit laust.
Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK

For sjølv om Sommarfesten er bassert på dugnad er det ikkje gratis å få i stand eit slikt arrangement. Budsjettet er på om lag tre millionar kroner og arrangørane er prisgitt at dei som deltek gir sitt bidrag. Først etter at festivalen er ferdig vil det vise seg om den har gått med overskot eller ikkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL