Leiar ved Blodbanken i Ålesund, Bodil Stige seier reglane kan verke urettferdige, men at dette ikkje handlar om diskriminering.
Det er sjukdomsbilde i fødelandet som er avgjerande for om ein person kan bli blodgivar, seier Stige.
Gitt blod fleire gonger
Adam Fahri har budd fast i Norge sidan 1986. Han er norsk statsborgar og arbeider som skomakar i Ålesund. Fahri har gitt blod fleire gonger når han har vore på ferie i Tyrkia. Han har gjort dette fordi han trur regelmessig blodtapping er sunt for kroppen, men også fordi han gjerne vil hjelpe andre.
Noreg treng fleire blodgjevarar heiter det i vervekampanjar frå norske sjukehus. Dette hadde Fahri fått med seg. I går melde han seg derfor til teneste, berre for å finne ut at norske blodbankar ikkje vil ha blodet hans.
-Har ikkje noko val
I følgje Bodil Stige som er leiar ved Blodbanken i Ålesund, har dei ikkje noko val. Det er statlege retningsliner som styrer dette. Desse retnings-linene slår fast at det berre er folk som er fødde i Nord-Europa, USA, Canada, Australia eller New Zealand som kan bli godkjende som blodgjevarar i Norge. Stige forstår at Fahri kan føle seg diskriminert, men ho seier dette ikkje handlar om rasisme. Det er sjukdomsbiletet i fødelandet som er avgjerande for om ein person kan bli blodgivar.