Hopp til innhold

- Fleire som Jonathan

Talentutviklar i Aalesunds FK, Reidar Vågnes, vil ha fleire lokale spelarar inn på A-laget som Jonathan Tollås.

Reidar Vågnes
Foto: Arne Flatin / NRK

Tollås etablerte seg som tenåring ifjor på midtstopparplass i AaFK. Han fekk sjansen og tok godt vare på den. AaFK har spelarar på aldersbestemte landslag som alle har potensial til å nå toppen av norsk fotball.

Lokalt utvikla spelarar er alle mellom 15 og 21 år som er utvikla i klubben eller ein av naboklubbane. Tollås er eit godt døme på dette, seier Vågnes. Han trur ikkje klubben har hatt så mange toppspelaremne som no.- Er det muleg å få inn ein Jonathan på A-laget kvart andre eller tredje år så er det fantatsisk, seier han.

Globalt

Lokalt utvikla spelarar vil i praksis seier at spelaren må vere der i tre år i alderen 15-21 år. Det betyr også at spelarar kan hentast inn globalt, utviklast i ein norsk klubb og få varemerket lokalt utvikla. Med ein slik strategi er det muleg å få inn ein til to spelarar i året på A-laget, trur Vågnes. Han meiner at Diouf-karane i naboklubben Molde FK er eit godt døme på dette. For å få til dette må klubben vere veldig bevisst på denne strategien, seier talentutviklaren som har bakgrunn frå både MFK og AaFK.

Rydde plass til talenta

Jonathan Tollås, AaFK
Foto: Arne Flatin / NRK

I AaFK er det ønske om at dette skal vere ein bevisst strategi, men alle i klubben er samde om at ein framleis har ein veg å gå for å få det til.

- Det må satsast på naboklubbsamarbeid, trenarsamarbeid og det å utvikle spelarar i naboklubbane. For å få omdanna talenta til toppspelarar må ein ha tid til det. Trykket i Eliteserien har vore så tøft at ein ikkje har hatt tid i AaFK, seier Vågnes. Klubbane er til ein viss grad for utålmodige. Vågnes meiner klubben må bestemme seg for å tørre å gå endå lenger på dette området enn det som har vore tilfelle fram til no. - Vi må rydde plass til dei unge talenta for å utvikle dei, seier han til NRK Møre og Romsdal.

A-lagstrenaren vil sjølsagt ha sitt beste lag uansett kvar spelarane kjem frå. Han har ansvaret for å oppnå resultat på kort sikt, medan andre i klubben må tenke meir langsiktig med tanke på å få fram spelarar i A-stallen, seier Vågnes.