Hopp til innhold

- Flaks at det ikkje gjekk liv

Ein rusa bilist utan førarkort køyrde på tre bilar i tillegg til trafikksperringar og trafikkskilt. – Når ein ser skadestaden, er det flaks at det gjekk så bra, seier politiet på staden.

Skarbøvika

Den rusa sjåføren vart til slutt tatt hand om av politiet etter å ha køyrt inn i tre personbilar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Like etter klokka 19.00 rykte naudetatane ut til eit trafikkuhell i Skarbøvika utanfor Ålesund sentrum.

Skarbøvika

MISTA HJUL: Bilen mista det eine hjulet i fart.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein rusa mann er teken hand om av politiet etter eit trafikkuhell der fire bilar var involvert. Bilen var ikkje godkjent og mannen mangla førarkort, i følge politiet.

– Det er mistanke om ruskøyring. Føraren er teken med til sjekk for kartlegging. Når ein ser skadestaden, er det godt at det gjekk så bra som det gjekk, seier politiet på staden.

Fire personar er henta med ambulanse for sjekk, men ingen er alvorleg skadde.

Dytta bilen 15 meter framover

Torstein Slyngstad

DROG UT FØRAREN: Torgeir Slyngstad var vitne til ulykka og drog føraren ut av bilen etter det siste krasjet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vitne på staden beskriv ein dramatisk situasjon med ein bil i stor fart. Torgeir Slyngstad stod klar og drog føraren ut av bilen etter at han krasja i den siste bilen.

– Vi satt med open dør og høyrde ein høg skrenselyd. Han må ha hatt ei høg fart, sidan han har dytta varebilen 15 meter framover, seier Slyngstad.

Det var mange personar som gjekk langs vegen der trafikkulykka skjedde.

– Det var ein del unge jenter som gjekk langs vegen. Det var i tillegg relativt stor trafikk og mange barnefamiliar på vegane. Det er flaks at det gjekk så bra som det gjekk, seier Slyngstad.

Skarbøvika

Bilen reiv ned fleire trafikksperringar og skilt.

Foto: Remi Sagen / NRK