Hopp til innhold

- Fjern helseføretaka

Å fjerne helseføretaka vil gje eit likeverdig helsetilbod over heile landet, meiner Torgeir Dahl.

Torgeir Dahl
Foto: Trond Vestre / NRK

Høgrepolitikar og tidlegare styremedlem i Helse Midt Noreg, Torgeir Dahl, vil fjerne dei regionale helseføretaka.

- Sjukehusa må styrast direkte frå eit sentralt helsedirektorat, meiner han.

Eit likeverdig helsetilbod

Dahl meiner at reforma med dei regionale helseføretaka ikkje fungert.

- St. Olavs Hospital i Trondheim har slukt store delar av ressursane til Helse Midt Noreg, seier han.

Ei ordning der eit sentralt helsedirektorat styrer sjukehusa vil sikre at alle innbyggjarane i landet får eit likeverdig helsetilbod, meiner Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL