- Operaen måtte ha avlyst fjorårets opera "Rose og ravn" dersom dei nye brannforskriftene var komne då, seier Kjell Seim, musikalsk leiar for Kristiansundsoperaen. Krava om rømningsvegar ville gjort det uråd å ha eit så stort orkester som den framsyninga måtte ha.
Ein opera i utvikling?
Kjell Seim. Foto: Operaen i Kristiansund
Ein kan sjølvsagt leve med ei orkestergrav som ikkje held mål, eit scenehus som ikkje er breitt og djupt nok og så vidare. Men då må ein heile tida gjere kompromiss og tillempe framsyningane etter kva Festiviteten tillet. Kjell Seim seier at operabyen Kristiansund no må spørje seg: - Vil vi ha ein opera som utviklar seg kunstarleg?
Turné i eige fylke?
Neste år står "Maskeballet" av Verdi påprogrammet. Mozartoperaen "Don Juan" frå årets operafestveker skal no på turné til Nord-Noreg. Men skal ikkje andre stader i Møre og Romsdal få oppleve "Don Juan"? - Det er berre å seie frå, seier Kjell Seim - vi vil gjerne spele opera i Møre og Romsdal!
Høyr samtalen med Kjell Seim via lydlenkja ovanfor. Til slutt høyrer du Mari Kjersti Tennfjord i ein arie frå "Don Juan".