- Fadderordninga er svært viktig!

– Det er svært viktig å tilby nye studentar ei god fadderordning, seier Dagrun Skei, heiltidsfadder ved Høgskolen i Ålesund.

Fadderansvarlege ved Høgskolen i Ålesund

Fadderansvarlege Dagrunn Skei og Anders Alnes ved Høgskulen i Ålesund.

Foto: Høgskolen i Ålesund

I heile sommar har ho saman med Anders Alnes jobba for å legge forholda til rette for nye studentar som kjem til Høgskolen i Ålesund.

800 nye studentar neste veke

Høgskulen har opplevd ein stor pågang frå folk som vil studere i Ålesund.

Høgskolen i Ålesund

Høgskolen i Ålesund får 800 nye studentar i haust.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Dette har skjerpa opptakskrava ved fleire studier. Høgskulen aukar også talet på studentar, og ved skulestart i neste veke er det venta 800 studentar.

– Ikkje alle er like flinke til å orientere seg. Difor må vi som har rolla som fadder hjelpe dei nye med å finne seg tilrette, seier Skei.

Hjelper på psyken

Dagrunn Skei trur det er viktig å vise at ein bryr seg.

– Folk må føle seg velkomen. Det er ikkje alltid like lett å flytte til ein ukjend stad, der alle er framande. Ei god fadderordning, med ei god fadderveke, kan hindre at nye studentar føler seg åleine og isolert. Dette er ei god investering i eit godt psykososialt miljø, seier ho.

Har ringt alle

Alle nye studentar har fått telefon frå Faddekontoret.

iPhone

Alle nye studentar har fått telefon frå Fadderkontoret.

Foto: Colourbox

– Vi har ringt rundt og informert om skulen, aktivitetar, byen og elles svart på spørsmål, seier Skei. Mange studentar har ikkje fått ein stad å bu, så dette er også noko vi jobbar med, seier ho.

Omfattande program

Det er lagt opp til eit rikhaldig program for dei nye studentane som kjem til Ålesund.

Roxette under en konsert i Beijing i 1995

Svenske Roxette skal ha konsert under Jugendfest i Ålesund.

Foto: EPA / Scanpix

– Vi skal ha omvisningar, bli-kjent-kveldar, og heldigvis er det Jugendfest i byen. Alt ligg til rette for at så mange som muleg kan få ein god start på skuleåret, seier Dagrunn Skei

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.