Hopp til innhold

- Er ingen kjeltring

Anders Talleraas kjenner seg ikkje som ein kjeltring sjølv om han blir etterforska av Økokrim etter mistanke om pensjonsjuks.

Anders Talleraas
Foto: Marianne Øverland Hjelset. / NRK

Tidlegare stortingsrepresentant Anders Talleraas (H) frå Molde er ein av tre som blir vidare etterforska av økokrim.

Blir etterforska for svindel

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim seier Anders Talleraas, Magnus Stangeland (Sp) og Thor-Erik Guldbrandsen (Ap) vil bli etterforska som svindel.

Les: Blir vidare etterforska

Dei tre er mistenkt for å ha fått utbetalt for mykje pensjon frå Stortinget.

- Eg rekna med at om dei gjekk vidare med etterforskinga, ville det omfatte eit par tre av oss, og det stemte. Så eg er ikkje heilt overraska , men naturlegvis skuffa, seier den tidlegare parlamentariske leiaren i Høgre.

- Eg føler meg ikkje som ein kjeltring og synes det er ganske ille å vere i Økokrim sitt søkelys.

For tidleg for tiltale

Økokrim starta etterforsking av seks tidlegare stortingsrepresentantar etter mistanke om pensjonsjuks. Blant dei var tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) og Kjell-Magne Bondevik (H).

Les: Lettet Bondevik

No er det berre Talleraas, Stangeland og Guldbrandsen igjen. Talleraas føler seg likevel ikkje kriminalisert.

- Eg har forstått utifrå informasjonen vi har fått at dette berre er for å kartlegge saka betre. Det er alt for tidleg å slå fast at det blir ein tiltale enno. Men det er klart det er ganske dramatisk å bli etterforska av Økokrim, særleg når eg ikkje føler eg har drive med bedrageri, som det er snakk om her, da.

- Vil bli reinvaska

Talleraas har no tenkt å bruke tid på å legge fram bevis på at han er uskuldig.

- Eg trur eg kan bidra med opplysningar som fører til at saka blir avdramatisert og at dei legg ho vekk, seier Anders Talleraas til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL