Hopp til innhold

- Vi får eit nærare omsorgsfellesskap

Fleire hundre personar deltok i rosemarsjen i Sula tysdag kveld. Eit av ofra for massakren, Sverre Flåte Bjørkavåg, vaks opp like ved kyrkja som var samlingsstad for rosemarsjen.

Rosetog Sula

Rosetoget gjekk frå Indre Sula kyrkje på Eidsnes, til Solevågen og tilbake til kyrkja.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var nabo, Elin Kilvik Skeide, som hadde teke initiativ til rosemarsjen. Rosemarsjen var ei minnemarkering for både Sverre Flåte Bjørkavåg og alle dei andre som miste livet i massakren den 22. juli.

Elin Kilvik Skeide

Elin Kilvik Skeide tok initiativet til markeringa.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det som hende var ein tragedie. Vi er inne i ei nasjonal sorg. Då er det viktig at vi ikkje gløymer det som har skjedd. Vi kan ikkje gløyme dei som kjempa for livet. I dag minnast vi alle dei 77 som vart drepne. Deriblant var Sverre Flåte Bjørkavåg som vaks opp her, seier Skeide.

– Fantastisk at så mange kom

Det var fleire hundre som møtte opp for å delta i minnemarkeringa. Elin Skeide seier det var heilt fantastisk at så mange kunne kome.

– Dette er ei støtte og omtanke for dei pårørande og dei som har mista sine kjære, og ikkje minst til dei som overlevde og som skal leve vidare. Det var heilt fantastisk at så mange kunne kome i dag. Vi hadde ikkje drøymt om at det ville kome så mange. Dette var heilt fantastisk, seier Skeide.

– Ver ikkje redde for å engasjere dykk

Øyvind Vassbotn var kamerat med avdøde Sverre Flåte Bjørkavåg. Han også tykte det var godt å sjå at mange møtte fram til markeringa.

Øyvind Vassbotn

Øyvind Vassbotn oppmodar folk om å engasjere seg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er godt å sjå at mange møtte fram. Sverre var ein veldig engasjert person. Det er viktig å vise støtte. Folk må ikkje vere redde for å engasjere seg, seier Vassbotn.

– Eit nærare omsorgsfellesskap

Oddmund Måseide

Oddmund Måseide er prest i Sula.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Prest i Sula, Oddmund Måseide, har følgt familien i den tunge tida etter hendinga på Utøya. Mange frå lokalsamfunnet har vore flinke til å stille opp, seier han.

– Både naboar og familien har vore flinke til å stille opp. Det tverrfaglege støtteapparatet har også stilt opp. Det som har skjedd har også vist oss kva som er dei sanne og gode verdiane landet vårt byggjer på. Eg trur vi får eit nærare omsorgsfellesskap i tida som kjem, seier Oddmund Måseide.