NRK Meny
Normal

- Eit år på sikring av fjellet

- Ålesund kommune har eit år på seg på å sikre berget rundt rasområdet i Fjelltunvegen, seier Arnstein Aarset, som er prosjektleiar i Norges Geotekniske Institutt.

Området bak Fjelltunvegen 29, 31, 33 og 37 må sikrast innan eit år, meiner NGI.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

- No snakkar vi om tiltak for å betre den totale stabiliteten i det nemnde området. Vi har allereie gjort litt for å betre den akutte situasjonen, men sånn vi vurderer det, bør dei anbefalte tiltaka vere gjort innan eit år.

Sikringstiltaka som skal setjast i gang gjeld adressene Fjelltunvegen 29, 31, 33 og 37, som ligg ved rasområdet. NGI ber no kommunen om at desse tiltaka blir sett igang så fort som mulig.

- Ingen grunn til utsetjing

Tore Valstad og Arnstein Aarset

Tore Valstad (t.v.) og Arnstein Aarset la fram Norges Geotekniske Institutt sin rapport om Fjelltun-ulukka i desember 2008.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Grunnen til det er at berget blir holdt saman av svelleleire. Når denne blir utsatt for fukt blir styrken i leira som held steinlaga saman svakere.

- Vi meiner det ikkje er nokon grunn til å utsetje ein slik jobb lenger enn det, seier Aarset.

Plan og bygningssjef i Ålesund kommune, Lars Vartdal, seier at svaret frå NGI er startsignalet for å setje i gang arbeidet.

25 anker

- Vi har spurt fordi vi vil ha klarheit i det. Slik at vi ikkje blir ståande der med eit ansvar som hverken vi eller andre har gjort noko med. Så vi må byrje jobbe med dette, og finne ut kva framdrift vi skal ha, i tillegg til å finne ut kven som er ansvarlege for å utføre arbeidet, seier Vartdal.

NGI vil borre inn totalt 25 10-12 meter lange anker som skal sikre bergsida fortel Arnstein Aarset.

- Det vi har skildra er å bore inn anker. Det vil seie at vi sikrar den bergmassen som ligg på oversida av sleppa ved å føre kreftene ned gjennom den og til det faste berget som ligg bak.